Elesense byrja som eit prosjekt i Fusit, eit IT-selskap som i dag primært driftar IT-system for bedrifter. Pieter Johannes de Zwarte var med på å starte Fusit, og med erfaring frå energimontøryrket hadde han fleire idear til sensorar og system for nettbransjen. Ut frå det vart Fusit ein leikeplass for eksperimentering og prototyping.
Ved hjelp av innleigde elektronikkdesignarar og programmerarar viste nokre av prototypane potensiale for vidare utvikling. For å sikre den nødvendige kompetansen til å realisere ideane, vart Elesense AS stifta i 2021 av Fusit Data & Teknologi AS og Novitech AS. Dette gav selskapet tilgang til kompetanse innan programmering og utvikling internt gjennom Novitech.
Sidan etableringa har Elesense opparbeidd seg kompetanse til å gjennomføre heile utviklingsløp, frå idé til ferdig produkt. No er me ein gjeng bransjeentusiastar som søker ei betre framtid for nettbransjen, med produkta våre som eit bidrag.
Me er stolte av å ha eit team beståande av høgkompetente personar, der eit overvekt har fagbrev og bransjeerfaring heile vegen frå det praktiske til det teoretiske.
- Pieter Johannes de Zwarte – Gründer, dagleg leiar og systemutviklar. Elkraftingeniør med over 10 års erfaring som energimontør.
- Fredrik Schmidt Fotland – Styreleiar. Sirkulærøkonom og berekraftentusiast. Spacemaker, idearkitekt og tilretteleggjar.
- Eirik Haustveit – Programmerar og systemutviklar. Sivilingeniør innan elkraftteknikk. Tidlegare skipselektrikar. Forelesar ved Høgskulen på Vestlandet.
- Christian Schmidt Fotland – Programmerar og systemutviklar. Automasjonsingeniør. Tidlegare elektrikar og skipselektrikar.
- Even Wick Kvalvaag – Styremedlem. Automasjonsingeniør. Tidlegare automatikkar. Medforfattar av tekniske normer innan HVAC-bransjen.
- Rune Gangstø – IT og økonomi. Utdanna innan nettverks- og systemadministrasjon. Tidlegare tømrar. Har kontroll på IT og rekneskap.
Me gler oss til å presentere innovative løysingar for nettbransjen i tida framover!


