Elesense NSO – Fleksibel og framtidsretta nettstasjonsovervaking

Me er stolte av å presentere systemet vårt for nettstasjonsovervaking, Elesense NSO – ein lettmontert gateway for innhenting av data til nettnytte, samt oppfylling av forskriftskrav og normer som FEF 2006 og RENblad 6025. Dette kostnadseffektive systemet kan tilpassast ulike instrument, utstyr og dashboard / tredjepartsløysingar. Elesense NSO er utvikla for å sikre driftsstabilitet og effektivitet gjennom deteksjon av avvik som jordfeil og andre uregelmessigheiter. Me har designa systemet for å vere systemuavhengig, noko som gjer det enkelt å integrere med både eksisterande nettanalysatorar og andre system – utan å binde deg til ein spesifikk leverandør.

Systemuavhengig fleksibilitet

Med Elesense NSO får du ei løsying som kan integrerast med ulike typar utstyr og system utan å vere bunden til éin enkelt leverandør. Dette sikrar fleksibilitet og kostnadseffektivitet ved å utnytte dine eksisterande system og infrastruktur. Me har lagt stor vekt på at systemet skal vere framtidsretta, og enkelt kunne tilpassast nye behov og teknologiar etter kvart som dei dukkar opp. Med desse grunnprinsippa kan Elesense fokusere på å bygge eit solid produkt for innhenting av data, medan andre kan utvikle gode analyseverktøy.

Støtte for ulike nettsystem, nettanalysatorar og utstyr

For å sikre enkel implementering for våre kundar, har me førehandsstøtte for dei mest brukte nettanalysatorane på marknaden, inkludert nokre eldre modellar. Dette betyr at du kan ta i bruk Elesense NSO utan å investere i nytt utstyr i nettstasjonane dine.

Me støttar ikkje berre vanlege nettsystem, men også 1000V IT-nett gjennom isolasjonsovervaking, og me tilbyr overvaking av jordfeilstraumar for 230V TN-nett (bynett). Dette gjer at Elesense NSO tilfredsstiller krava i FEF for desse systema òg.

Ut av boksen støttar systemet Quant Insight (EmbriQ sitt nettnyttesystem). Dersom du allereie nyttar Quant Insight, er det svært enkelt å integrere Elesense NSO inn i ditt eksisterande system, og du kan ta i bruk dine eksisterande verktøy frå første dag.

Om me ikkje har støtte for einingane eller systema du nyttar, er systemet designa med slik fleksibilitet at me enkelt kan tilpasse det til dine behov. På den måten får du òg fordelen av å kunne bruke dine eksisterande system og infrastruktur.

Skreddarsydd maskinvare for optimal drift

Grunnlaget for Elesense NSO er ein skreddarsydd gateway frå Teltonika Networks, kjent for robustheit og stabilitet. Gatewayen køyrer eit Linux-basert operativsystem, der Elesense sin eigenutvikla kode prosesserer målingar, hendingar og alarmar direkte på eininga, også kjent som kantprosessering (edge computing). Dette sikrar rask og effektiv behandling av data ute i felten, utan å vere avhengig av sentralisert prosessering.

Som ein opsjon kan me levere Elesense UPS, ein avbrotsfri straumforsyning som gjer det mogleg å få data frå brytarar, dørsensorar m.m. under pågåande straumstansar. Med Elesense UPS tilfredsstiller Elesense NSO krava til avbrotsvarsling iht. RENblad 6025.

Effektiv administrasjon med Elesense ADM

Med vårt administrasjonssystem, Elesense ADM, kan du enkelt administrere alle dine einingar frå eit sentralisert kontrollpanel. Her får du oversikt over status, samt moglegheita til å endre innstillingar og justere terskelverdiar på gatewayane dine etter behov. Me tilbyr 10 års tilgang til kontrollpanelet som ein del av pakken, med moglegheit for forlenging etter desse åra.

Ferdig konfigurert og klar til bruk

For å gjere installasjonen av Elesense NSO så smidig som mogleg, leverer me systemet ferdig med SIM-kort frå Telenor, som sikrar optimal dekning via LTE-M-nettverket. Systemet koplar seg automatisk opp mot Elesense ADM, og er klart til å motta den konfigurasjonen du ønskjer.

Sikkerheit i høgsetet

Sikkerheit er ein kritisk del av alle våre løysingar. Elesense NSO nyttar anerkjende tryggleiksløysingar og bransjestandarder for å sikre at dataoverføringar, IoT-einingar og OT-system er trygge og pålitelege.

Framtidsretta utvikling

Framtida er fleksibel. Med Elesense NSO investerer du i eit system som held tritt med den teknologiske utviklinga, samtidig som det tilpassar seg dine behov. Dette gjer Elesense NSO til ei langsiktig investering for trygg og stabil overvaking av straumnettet ditt.

Elesense NSO er salsklart i slutten av Q4 2024. Les meir om tekniske detaljar på nettsidene våre, eller kontakt oss direkte for å diskutere korleis Elesense NSO kan passe dine behov.

Meir å utforska