Fusa Kraftlag med emisjon i Elesense – blir 50 % eigar

Fusa Kraftlag SA har gjennom ein emisjon 5. januar 2025 blitt medeigar med ein 50 % eigardel i teknologiselskapet Elesense AS. Dette nye samarbeidet markerer eit viktig steg i utviklinga av framtidsretta løysingar for straumnettet, samtidig som det styrkjer kompetansearbeidsplassar i lokalmiljøet.

«Dette er ein spennande moglegheit for Fusa Kraftlag. Me har alltid hatt eit sterkt fokus på å vere ein samfunnsbyggjar i lokalmiljøet, og gjennom dette samarbeidet kan me bidra til å skape høgkompetansearbeidsplassar i regionen. Det gjev også gode moglegheiter til å utvikle oss som konsern, og kunne nytte oss av kompetanse på tvers av selskapa i konsernet.»

— Tove Hjartnes Fosså, dagleg leiar i Fusa Kraftlag-konsernet

Strategisk satsing på innovasjon

Styreleiar i konsernet Fusa Kraftlag, Ranveig Næss, peiker på at styret lenge har vore oppteke av å finne nye vegar for vekst og innovasjon.

«Dette er ei langsiktig investering i kompetanse og samfunnsutvikling. Me trur eigarskapen i Elesense vil bli eit viktig steg mot å posisjonere oss innan teknologiutvikling for straumnettet.»

— Ranveig Næss, styreleiar i Fusa Kraftlag-konsernet

Styrkt samarbeid og lokal verdiskaping

Med investeringa i Elesense tek Fusa Kraftlag eit steg inn i framtidas teknologimarknad. Gjennom samarbeidet vil konsernet kunne utnytte felles ressursar og kompetanse, noko som gjer det mogleg å utvikle og tilby effektive løysingar for kundar og eigne selskap.

Dagleg leiar i Elesense AS, Pieter Johannes de Zwarte, gler seg over det nye samarbeidet.

«Elesense vil vere eit selskap som utviklar produkt både til konsernet og til andre kundar. Dette gjev oss ein unik moglegheit til å skreddarsy løysingar og produkt etter bransjen sine behov. Eit godt eksempel er pilotprosjektet med nettstasjonsovervaking for systerselskapet Lysna AS

— Pieter Johannes de Zwarte, dagleg leiar i Elesense

Nytt styre med brei kompetanse

Med emisjonen følgjer òg eit spennande og sterkt nytt styre, med kompetanse på tvers av finans, berekraft, oppstartsmiljø og nettdrift. Det nye styret består av:

  • Styreleiar
    Tove Hjartnes Fosså
  • Styremedlemmer
    Erling Syvertsen
    Fredrik Schmidt Fotland
    Pieter Johannes de Zwarte
  • Varamedlemmer
    Kathrine Kvamme Tveitnes
    Christian Schmidt Fotland

Meir å utforska