Innsamlingssystem
Om det er første gang ein tek i bruk Elesense NSO-systemet gjennom Quant Core, må ein først opprette eit innsamlingssystem.

Ein legg inn eit beskrivande namn, i dette eksempelet elesense_lys der lys er dei tre første bokstavane til nettselskapet Lysna. Legg gjerne inn ein beskrivelse om innsamlingssystemet også.

Når innsamlingssystem er oppretta tek ein kontakt med EmbriQ, som så konfigurere head end for mottak av data frå Elesense i sitt systemet.
Utstyrsmodeller
For å få korrekt lagerføring i Quant Core må ein opprette to utstyrsmodeller, ein for målarar og ein for modem.

1. Målermodell
For å opprette målermodell vel ein «Målermodell» i nedtrekkslista.

Fyll inn minimum namn, og trykk «Opprett». Ein treng ikkje fylle inn «Attributter» og «Dokumenter».

2. Modemmodell
For å opprette modemmodell vel ein «Modemmodell» i nedtrekkslista.

Fyll inn minimum namn, og trykk «Opprett». Ein treng ikkje fylle inn «Attributter» og «Dokumenter».

Neste steg
Når ein har fått klarsignal frå EmbriQ at deira system er klar for å ta i mot data, er ein ferdig med førstegangsoppsettet i Quant Core for Elesense NSO-systemet.
Dei neste kapital vil forklare korleis ein lagerfører NSO-einingar i Quant Core etter kvart som ein får desse fysisk på lager. Og så korleis ein installerer einingane i nettstasjonen og aktiverer desse mot Quant Insight.