Begynn med å søke inn nettstasjonen (lokasjonen) der ein vil installere Elesense NSO-eininga.

Eller enkelt og greitt trykk på ynaskje nettstasjon i kartet.

Om nettstasjonen har fleire trafoar eller tre-vikla trafo, vel ein knappen «Legg til målepunkt» for den transformatoren eller det spenningsnivået den aktuelle NSO-eininga er tiltenkt.

Sett utgående komtype til «Mobil», forbrukstype til «Elektrisitet» og sett installasjonsdato. Sett andre parameter etter bedriftsinterne krav, og trykk elles på «Opprett».

Søk opp lokasjonen / nettstasjonen igjen, og trykk på det nyoppretta målepunktiden.

Under fana «Generelt» trykker du på blyantsymbolet til høgre for «Måler:».

Legg til dato frå når NSO-eininga vart aktivert, serienummer til NSO-eininga du har montert og lagerført og ein beskrivelse; og trykk «Legg til».

No er NSO-eininga registrert i Quant Core. Den blir automatisk registrert i Quant Insight også, du kan lese meir om Quant Insight i neste kapittell.