Før aktivering i Elesense ADM må NSO-einingar vera installert, og ein må ha registrert eininga på ynskja lokasjon / nettstasjon i Quant Core.
Når ein har gjort dette kan ein logge på Elesense ADM. Les gjerne kapitellet «Innføring i Elesense ADM» for å få betre kjennskap til ADM før ein fylgjer denne guiden.
Ein søker opp serienummeret til eininga og trykker på knappen «Enhetens WebUI».

Om alt er ok skal ein få opp at WebUI er tilgjengeleg, og ein kan trykke på «Koble til».

Ein kjem så inn på kontrolpanlet på NSO-eininga. Under «Oppsett» -> «Basis» legg ein inn endepunkt til den tredjeparten som har din dashboard løysing, i dette eksempelet sende ein til Quant Insight. Ein legg inn ditt nettselskap sin GLN. Ein legg inn målepunktiden ein har oppretta for lokasjonen i Quant Core. Vidare kva nettsystem ein har. Sendingsintervall (om ikkje denne er låst). Og hukkar av om ein har kopla til ein UPS eller ikkje.

Under «Klient» legg ein inn innstillingane som nettanalysatoren er satt opp med. Det er viktig at desse verdiane er satt korrekt, at omsetningsforhold for straumtrafoar er korrekt, og at ein har stillt inn korrekt nettsystem på nettanalysatoren.

Under «Einingar» legg ein til kva Modbus-einingar som er kopla til RS485-pluggen. Og kva ID desse er stilt inn til å vera. Les manualen til utstyret om ein er usikker korleis ein stiller den inn.

Til slutt kan ein endre på grenseverdiane som utløyser alarmar. Elesense anbefalar ikkje å endre desse, då dei er satt ut frå krava i FoL og REN6025.

Når ein har lagra, og satt opp eininga korrekt i Quant Core, skal den no begynne å sende data med sendingsintervallet til Quant Insight. Alarmar blir sendt umiddelbart, og tek ikkje omsyn til sendingsintervallet.