2. Lagerføring i Quant Core

For å kunne plassere ein Elesense NSO-eining til ein nettstasjon (lokasjon), må den først vera ført på lager i Quant Core.

Etter bestilling sender Elesense ut to CSV-filer, ein for målarar (NSO-einingar) og ein for modem. Importer målarar først, så modem, slik at desse heng saman som ein «assembly».

Import av målar

Naviger til «importer utstyr».

Last inn fila du har fått som startar med «meter_import…», og trykk «Importer».

Velg type «Måler», velg modell «Elesense-NSO» (den me oppretta i forrige kapittel), velg tilstand «På lager» og tidspunkt den dagen du importerer utstyret.

Du kan trykke «Importstatus» for å sjekke at import har gått slik den skal.

Er alt ok kan du navigere tilbake til «Importer utstyr», eller trykke eit hakk tilbake i nettlesar og trykke på «Importer mer».

Import av modem

Modemet er det som koplar målaren (NSO-einingar) til innsamlingssystem me oppretta i forrige kapittel.

I same dialogen du lasta opp fila for målar, lastar du no inn fila du har fått som startar med «meter_import…», og trykk «Importer».

Så legg du inn type «Modem», modell «Elesense-NSO-Modem», innsamlingssystem «elesense_lys», tilstand «På lager» og tidspunkt vel du det same tidspunktet som du valgte for målarane.

Igjen kan du sjekke «Importstatus», er alt ok, er du ferdig med lagerføring av målarar og utstyr. Neste steg er å plassere målarane (NSO-einingane) til ein nettstasjon (lokasjon), det tar me for oss i neste kapitell.

Var denne artikkelen nyttig?

Relaterte artiklar

Treng du hjelp?

Fann du ikkje svaret du leita etter?
Kontakt support