Finn ein eigna plass i nettstasjonen til NSO-eininga. Monter gjerne på DIN-skinne nær nettanalysatoren. NSO har kapslingsgrad IP30 og må monterast deretter. Det skal alltid vere overspenningsvern framfor spenningsforsyninga til NSO eller UPS. Følg RENblad 6025 for korrekt utføring.
Montering (utan UPS)

Montering (med UPS)
OBS! Set UPS-en til «ON» før du koplar til straum.

OBS! 3 I/O er reservert av UPS for varsling av straumstans.
Innstilling av instrument
Alle instrument kopla til RS485 Modbus må ha like kommunikasjonsinnstillingar, men med unike slave-ID-ar.
For CVM-MINI og CVM-NRG96 fungerer berre baudrate 9600. Andre instrument og verdiar kan normalt stå som standard, så lenge dei er like for alle instrument på bussnettverket.
Merk at enkelte instrument må setjast i ARON-modus ved bruk av to straumtrafoar i IT-nett.
Oppstart
- Set på straum til NSO (og UPS).
- NSO brukar normalt ca. 15 minutt på å kople seg til Elesense ADM og laste ned siste versjon av programvaren. Ved dårleg dekning kan dette ta vesentleg lengre tid.
- Du kan forlate lokasjonen mens eininga fullfører installasjonen. Hugs då å notere:
– Serienummer på NSO-eininga
– Kva instrument som er kopla til
– Kva innstillingar som er brukt på instrumenta
– Kva nettstasjon eininga er installert i
– Kva I/O som er kopla til
Vidare oppsett finn du i neste kapittel «Aktivering i Elesense ADM». Aktivering kan gjerast via PC, telefon eller nettbrett – frå kva som helst stad.