Når ein Elesense NSO-eining er registrert i Quant Core, og den er montert i nettstasjonen, dukkar den automatisk opp i Quant Insight sin modul for nettstasjonsovervåking.
Ein antek ein har fått opplæring i bruk av Quant Insight av EmbriQ, men det er nokre funksjonar som kan få det beste ut av Elesense NSO som me går litt djupare inn i her.
NSO-profiler
Ein kan lage ein egen NSO-profil som kan brukast til å definere påkrevde måleverdiar. Eit eksempel på bruk er Elesense NSO utan UPS, då kan ikkje NSO-eininga varsle ved straumstans, men om ein legg inn at spenning er ein påkrevd måleverdi med forventa intervall på 15 minutt, så vil ein få varsel om ein ikkje mottek data for spenning etter 15 minutt.
Ein definerer først ein profil, legg til påkrevde måleverdiar, og så kva nettstasjonar ein ynskjer i denne profilen.

Digitale innganger
Den andre funksjonen som kan hjelpe deg å få meir ut av Elesense NSO-einingane er å kunne definere digitale inngangar. Dersom ein har eit IT-nett og UPS, vil begge digitale inngangar på NSO vera forhåndsdefinert som for nullpunktssikring og straumstans, og ein treng ikkje føreta seg noko. Om ein ikkje har UPS er IO 2 ledig, og den kan du ved å sette inngang til 2 definerast ein hendelsestype for signal høg og lav. Det same om ein ikkje har IT-nett, då er òg IO 1 ledig. Elesense NSO kan utvidast med IO-modular, slik at ein kan kople på meir utstyr, og då definere fleire inngangar til dømes til overvåking av dørar, brytarar, overspenningsvern, m.m.

Lykke til med nettnytte i Quant Insight med data frå Elesense NSO, du har valgt ein god kombinasjon.