Lars Halvor Rabben ny dagleg leiar

Elesense ynskjer Lars Halvor Rabben velkomen som ny dagleg leiar.

Lars Halvor har over 20 års erfaring frå TV 2, mellom anna som produsent og regissør. Har du sett store sportshendingar på kanalen, har du sett arbeidet hans. Han har no vidareutdanning innan bedriftsleiing, marknadsføring og økonomi, og skiftar beite til ein heilt annan bransje.

Det blir utruleg spennande å få perspektiva hans med på laget.

Gründeren vår, Pieter Johannes de Zwarte, har leia Elesense gjennom dei siste åra — frå idé og utvikling til innovative produkt. No held Pieter fram med det han likar aller best: å bruke erfaringa si til å utvikle innovative løysingar for nettbransjen, no i rolla som teknologisjef / CTO.

Følg med — Elesense kjem med spennande produktlansering på Elmåledagene i Lillestrøm 27. – 28. mai. Kjekt om du vil kome innom og helse på oss der!

Meir å utforska