Lysna blir pilot for Elesense NSO i siste fase før lansering

Nettselskapet Lysna (tidlegare Fusa Kraftlag) skal vere pilot i ein utvida test av Elesense NSO med 100 einingar. Dette markerer siste fase før systemet blir salsklart i slutten av Q4 2024. Me har i lengre tid testa Elesense NSO i fleire av Lysna sine nettstasjonar med svært gode resultat. Denne utvida piloten vil hjelpe oss å evaluere systemflyten på større volum og sikre at eventuelle justeringar vert gjort før full lansering.

Lysna er medlem i Nettalliansen, og er i full gang med å implementere bransjeløysing deira. Bransjeløysinga nyttar EmbriQ sitt system for nettnytte og overvaking av straumnettet, Quant Insight. Elesense NSO er fullt integrerbar med Quant Insight, noko som gjer det svært enkelt å ta i bruk Elesense NSO i Lysna sine nettstasjonar.

Lysna har som mål å implementere Elesense NSO i alle sine nettstasjonar på sikt. Dette inkluderer både 230V og 1000V IT-nett, og 400V TN-nett. Dei var tidleg ute med å ta i bruk både AMS-målarar og nettstasjonsovervaking allereie i 2007, men det eksisterande systemet for nettstasjonsovervaking brukar 2G-nettet, som stenger i 2025.

«Dette pilotprosjektet er siste steget før me lanserer Elesense NSO for sal. Me har allereie hatt svært gode resultat frå tidlegare testar, og denne utvida piloten vil hjelpe oss med å optimalisere systemflyten og luke ut eventuelle småfeil. Me er sikre på at systemet vil bidra til meir stabil og effektiv drift av straumnettet.»

— Pieter Johannes de Zwarte, dagleg leiar av Elesense

Denne utvida piloten gjev også Lysna moglegheita til å utforske nye funksjonar som balansekontroll og identifisering av nett-tap.

«Me har hatt positive erfaringar med forsøka med Elesense NSO, og planen er å dekke alle våre nettstasjonar med denne løysinga. Spesielt ser me fram til å ta i bruk balansekontroll og finne nett-tap gjennom Quant Insight, noko me ikkje kunne med det gamle systemet.»

— Rolf Oen, driftsleiar i Lysna

Med denne piloten tar me eit viktig steg mot full lansering av Elesense NSO i slutten av Q4 2024.

Meir å utforska